Velkommen

Velkomen til vår heimeside!                                            

Vi ynskjer å gjere kontakta med oss så enkel som mogleg. Derfor er det lagt til rette for ordinær timebestilling via SMS på denne heimesida, ikkje for bestilling ved akutte behov og reseptbestilling.

Du vil i tillegg finne ein del informasjon om legekontoret. Elles er du velkomen til å kontakte oss på sentralbordet dersom du ynskjer!  

Ved telefonkø ber vi om forståelse for at andre får hjelp mens du ventar!    

 

ORDINÆR HENVENDELSE      57856106                  kl 09-12 og 14-15

AKUTT HJELP                          116117                      heile døgnet

LIVSTRUGANDE HJELP            113

 

 Legevakt i Selje mand-fred 08.00-16.00.

 Nordfjord legevakt på Nordfjord sjukehus, mand-fred fra 16.00-08.00 og helg/helgedagar

 

 

 



Viktig informasjon

15. april 2016 kl. 09:42

 

HUGS BLODPRØVER!!

MANDAG-TORSDAG 09-12

IKKJE FREDAG

15. april 2016 kl. 09:40

2. september 2015 kl. 18:36

Nasjonalt legevaktnummer 116117

 

Alle kommunar i Noreg har ei legevaktordning for øyeblikkeleg helsehjelp heile døgnet.

Når du ringjer 116117, kjem du i kontakt med legevaktsentralen i området der du oppheld deg.

Er det akutt og står om liv, ring 113.

 

Når du treng legehjelp;

Fastlegen eller fastlegekontoret du tilhøyrer, er di hovudkontakt inn i helsetenesta. Dersom det er mogeleg, bør du alltid ringje fastlegen fyrst.

 

Kva tlf nr skal du ringje?

Fastlegen din i opningstida; Selje legekontor tlf 5785 6106 kvardagar kl 09.00-12.00 og kl 14.00-15.00.

Legevakt 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa  ikkje kan vente.

113 når det er akutt, kritisk og står om liv. 

 

 

25. februar 2015 kl. 22:56

Kjernejournal for innbyggjarane i SELJE frå 1. mars 2015

kjernejournal-skjerm-info-2015-1.jpg

 

 

Frå 1. mars vert kjernejournal innført i heile Helse Vest.Kjernejournal er ei ny elektronisk løysning der viktige "kjerneopplysningar" om deg og di helse er samla. Du finn meir informasjon på helsenorge.no.

I kjernejournalen vert det samla viktige helseopplysingar som både den einskilde innbyggjar og helsepersonell har tilgang til. Det vil vere ein tryggleik at dei viktigaste helseopplysingane om deg er raskt tilgjengelege for helsepersonell. Kjernejournal vil gje deg tryggare helsehjelp i akutte situasjonar.

 

Kjernejournal vert oppretta i Selje frå 1. mars og alle som er folkeregistrerte i kommunen vil få ein kjernejournal, dersom du ikkje allereie har reservert deg frå det.

Frå og med 1. mars kan du sjølv sjå og leggje inn opplysingar i din kjernejournal via helsenorge.no, der finn du og meir informasjon om innføring av kjernejournal.

Du kan og ringe brukerstøtte 800HELSE (800 43573).

 

 

 

 

2. februar 2014 kl. 12:33

NYTTIGE LINKER

 

 

Vil du ha informasjon/tlf nr til ordninger som:          

fastlegen, frikort, fritt sjukehusval, HELFO, pasientreiser m.m, så klikk på fanen øverst der det står nyttige linker.

 

 

 

5. januar 2014 kl. 14:02

RUTINER

 

Vi oppmodar deg å lese om viktige rutiner vi ynskjer å formidle til deg som pasient!                                         Klikk på fanen øverst på sida.