Alle kommunar i Noreg har ei legevaktordning for øyeblikkeleg helsehjelp heile døgnet.

Når du ringjer 116117, kjem du i kontakt med legevaktsentralen i området der du oppheld deg.

Er det akutt og står om liv, ring 113.

 

Når du treng legehjelp;

Fastlegen eller fastlegekontoret du tilhøyrer, er di hovudkontakt inn i helsetenesta. Dersom det er mogeleg, bør du alltid ringje fastlegen fyrst.

 

Kva tlf nr skal du ringje?

Fastlegen din i opningstida; Selje legekontor tlf 5785 6106 kvardagar kl 09.00-12.00 og kl 14.00-15.00.

Legevakt 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa  ikkje kan vente.

113 når det er akutt, kritisk og står om liv.