Nyheter

Vaksinering Covid-19 ved Selje legekontor

Legekontoret 07.02.2021

Koronatesting i Stad kommune

Ønskjer du test for koronavirus utan å trenge undersøking av lege?

Om du tenker at du bør testast for koronavirus, men ikkje tenker at du er så sjuk at du bør undersøkast av lege, skal du ringe kommunen si teneste for bestilling av koronatesting.

Bestilling av koronatesting i Stad kommune: Telefon 91 00 77 08

Telefonen er open måndag til fredag kl 09-12.

Pasientar som har fastlege ved Eid legekontor, vert testa ved luftvegsklinikken som ligg rett aust for Nordfjord sjukehus. Pasientar som høyrer til Selje legekontor, vert testa på sjøsida av Helsesenteret (legekontoret), oftast direkte fra bil.

Vi testar til vanleg alle kvardagar. Testing i helg vert i hovudregelen berre gjort i samband med nødvendig undersøking av legevaktslege. Andre løysingar vil kunne komme på plass ved eit lokalt utbrot.

Er du i tvil om du bør testast? Ta koronasjekken!

Treng du å undersøkast av lege?

Om du er sjuk på ein måte som gjer at du ser behov for å bli undersøkt av lege, skal du ta kontakt med fastlegen din. Utanom kontortid skal du kontakte Nordfjord legevakt. Nødvendig koronatesting vil bli utført i samband med legeundersøkinga.

Eid Legekontor: Telefon 57 86 30 20 www.eidlegekontor.no

Selje Legekontor: Telefon 57 85 61 06 www.seljelegekontor.no

Nordfjord legevakt: Telefon 116 117


Kven bør teste seg for koronavirus?

Er du i tvil om du bør testast? Ta koronasjekken!

God informasjon om dette finn du på denne sida: https://www.helsenorge.no/koronavirus/testing-og-symptomer/#testing

Der finn du info om

  • Når bør du teste deg
  • Når skal du teste deg
  • Testing av barn
  • Testing av helsepersonell
  • Testing kan forkorte karantene

Medan du ventar på prøvesvar

Som hovudregel må du som ventar på prøvesvar halde deg i karantene til du har fått negativt svar på prøven.

Medan du ventar på prøvesvar, treng ikkje dine næraste å vere i karantene, men dei må følge med på om dei sjølve får symptom.

Dersom du har testa deg fordi du er i smittekarantene og har utvikla symptom, skal du i isolasjon fram til du får svar på prøven.

Dersom du testar deg uten at det er mistanke om covid-19-sjukdom (det vil seie at du ikkje har symptom, ikkje har vore nærkontakt, ikkje har vore i eit "raudt" land), treng du ikkje å halde deg heime til prøvesvaret kjem. Dette kan til dømes gjelde dei som får krav om å teste seg før dei får reise inn i andre land eller besøke institusjonar.

Prøvesvar

Dersom du har høve til å logge deg inn på Helsenorge, får du prøvesvar på din koronatest her så snart prøven er analysert og svaret ligg føre (normalt en til to dagar etter at du har tatt test).

Om du ikkje har høve til å logge deg inn på  Helsenorge, får du berre prøvesvar dersom du testar positivt.

Ved negativt prøvesvar kan du gå på jobb eller skule når du føler deg frisk og ikkje har feber. Dette gjeld sjølv om du har enkelte symptom etter at du har hatt luftvegsinfeksjon.

Dersom du er i karantene, må du fullføre denne sjølv om du testar negativt.

Dersom du testar positivt, blir du oppringt av kommunen og du blir satt i isolasjon. Kommunen vil sette i gang smittesporing, og du blir beden om å opoplyse om kven som har vore dine nærkontaktar dei siste 48 timane før du vart sjuk. Kommunen vil så gi beskjed til nærkontaktane dine om at dei må i smittekarantene.

Om ikkje du kan logge inn på helsenorge.no, kan du kontakte fastlegen for å få prøvesvaret.

Betaling

Koronatesting er gratis.

Har du meir generelle spørsmål om korona utan å vere sjuk eller ha behov for koronatesting?

Sjå informasjon på https://helsenorge.no/koronavirus

Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015

Send spørsmålet ditt på e-post til korona@stad.kommune.no

Er du alvorlig sjuk og treng øyeblikkelig legehjelp?

Ring legevakt på 116 117

Står liv og helse i akutt fare?

Ring 113