Selje Legekontor

Selje Legekontor

Endringar i tilbodet i fastlegetenesta i samband med utbrotet av Covid-19 (koronavirus)

I samband med utbrotet av Covid-19 (koronavirus) ser vi behov for å gjere endringar i organiseringa av fastlegetenesta.

Fastlegetenesta  vil frå i dag, 16.03.2020, berre tilby heilt nødvendige legetenester i  samband med akutte medisinske behov eller oppfølging av kroniske  tilstandar der dette er nødvendig. Legetenesta vil organisere seg på ein  måte som sikrar at drifta kan oppretthaldast også i møte med aukande  førekomst av smitte i befolkninga. Dette vil mellom anna medføre  bemanningsordningar som vil føre til at pasientar ikkje har same tilgang  til sin eigen lege som elles. Akutte tenester vil verte organisert på  tvers av fastlegelistene.

Alle planlagde legekonsultasjonar vil  gå ut. Pasientar treng ikkje sjølve å ta kontakt for avbestilling.  Fastlegar og anna personale vil likevel gjere sitt beste for å følgje  opp dei pasientane som treng det, og vil ta direkte kontakt med  pasientar om ein ser det er nødvendig. Ein oppmodar også pasientar som  sjølve vurderer at dei har behov for medisinsk oppfølging, om å ta  kontakt med legetenesta ved behov.

Om du er i tvil om du treng legehjelp og er urolig for eigen helsetilstand, er det framleis viktig at du tek kontakt med oss. 

Det  er eigne reglar for sjukmelding tilpassa den spesielle situasjonen vi  no er i. Vi ber alle pasientar om å orientere seg om dette på nav.no

Blodprøvetaking  og andre laboratorietenester vert også avgrensa til situasjonar med  akutte medisinske behov eller ved oppfølging av kroniske tilstandar der  dette er nødvendig. 

Personar med symptom på luftvegsinfeksjon  som har god allmenntilstand og ikkje treng undersøking av lege, ber vi  om å halde seg heime så langt det let seg gjere. Ingen med slike symptom  skal møte på legekontoret sitt venterom. Dette er viktig for å hindre  at sårbare pasientar vert utsett for mogeleg smitte. Alle pasientar som  treng legetilsyn ved luftvegsinfeksjon, skal kontakte legekontora per  telefon og gjere avtale om undersøking. Dette vil så verte organisert på  ein måte som ikkje eksponerer andre pasientar eller personell i  legetenesta for smitterisiko.

Vi oppmodar pasientane våre om å  nytte digitale løysingar gjennom helsenorge.no så langt det let seg  gjere. Om dette ikkje let seg gjere, eller om hjelpa hastar, kontakt oss  per telefon. 

Legetenesta vil i størst mogeleg grad forsøke å yte tenester gjennom telefonkonsultasjonar eller videokonsultasjonar. 

Vi  minner om at det er svært viktig at alle følger nasjonale og lokale  retningslinjer for å førebygge smitte. Vi ønskjer alle å verne om dei  mest sårbare pasientane våre.



Velkommen til våre nye nettsider

Om legekontoret

Her finner du informasjon om alle våre ansatte


Lurer du på hvordan du finner frem? Under kontakt og åpningstider finner du all kontaktinfo som telefonnummer, adresse og åpningstider.


Her kan du lese om hvilke tjenester vi tilbyr og hvor mye de ulike tjenestene koster.


For informasjon om personvern, hvordan vi behandler dine opplysninger og GDPR


Nyheter

Pasientundersøkelse

Legekontoret har tatt i bruk en ny nettside og ønsker i den forbindelse å foreta en spørreundersøkelse blant våre pasienter. Vi setter pris på din tilbakemelding da den vil hjelpe oss med å forbedre nettsiden.

Lenke til undersøkelsen finner du her

Alle rettigheter 2019 | Senter for Kvalitet i Legekontor - SKIL AS
Nefle er utviklet og eiet av SKIL, med midler fra Den Norske Legeforening

Administrer tilgang


NefleDen Norske Legeforening